|
( Only in Norwegian )
( Mykje av stoffet er henta frå
Turistinformasjonen Sveio.net
)
Turløyper
Ryvarden Fyr
-
Ein lett tur på grusveg gjennom lynghei og gamalt
kulturlandskap. Fyret ytterst på Ryvardsneset er eit
kjent landemerke langs kysten. Her får du ei spesiell
naturoppleving i allslags vêr. 40 min., lett
stigning.
Nordsjøløypa -
Merka tursti som går gjennom eit ope kystlandskap frå Mølstrevåg
via Ryvarden, Lyngholm og Eltravåg til Buavåg. Det
er fin utsikt frå stien både til lands og utover den mykje
trafikkerte skipsleia.
Dreng - Skogkledd topp 277 m.o.h. med fin utsikt til Førde
og Førdespollen. Stien startar ved Førde
Samfunnshus. Der kan ein óg parkere. Siste
delen er bratt, men stien er god. 1/2 til 1 time.
Hopsfjellet - To
skogsvegar med avkjøring frå E39 kan nyttast. 1/2
til 1 1/2 time å gå til toppen 333 m.o.h. etter kva
alternativ ein velger. Fjellet ligg mellom hovudvegen
og Ålfjorden, og inngår i eit verna naturreservat etter
skogbrann i 1992.
Trollavassnipen - Høgaste fjellet
i Sveio. 1 til 2 timar å gå til toppen 432 m.o.h. i
tildels bratte løyper. Flott utsyn i alle retningar.
På fine, klare dagar ser ein omtrent frå Bergen til
Stavanger. Stien startar like sør for Valestrand
skule. Parkering ved skulen. Du kan også gå frå
Holsvika friområde (Bjørgo) eller frå Haugsgjerdelva.
Emberlandsnipen
- Tre alternative tilkomstvegar:
Frå Auklandshamn (slakk stigning), Emberland eller Sætre
(brattare). Toppen er 271 m.o.h. Flott utsikt
over Bømlafjorden og Sunnhordland. 1 - 2 timar, etter
kva for utgangspunkt ein velger.
Børshovda
- 1/2 time til toppen som er 186
m.o.h. Gamal, særmerka skog. På toppen er det restar
etter bygdeborg frå folkevandringstida.
Stien startar på skogsvegen, som tar av frå fylkesveg
1 ved Røykenes. Lett løype som kan kombinerast med
tur rundt Mørkatjørna.
Rundløype i Førde - Natur-
og kulturløype i lett terreng. Fotturen i Førde er
variert og spanande, og kombinerer skogstur med vandring i
trivelig bygdemiljø. Bilvandringsrute med kart og
beskrivelse kan kjøpast i turistinformasjonen i Sveio
sentrum. Parker i Førde ved kyrkja eller skulen.
www.carwalks.com/Fottur1A.htm
Storavatnet
- Fin turløype (1-2 timar)
rundt Storavatnet ved Auklandshamn. Start ved
samfunnshuset eller friluftsområdet Slettene på Mjånes/Økland.
Bjellandsvatnet - Fin
sti i lett turterreng rundt våtmarksområdet på Bjelland (naturreservat).
Fugleobservasjonshus. Skilta avkjøring frå riksveg
47.
Forevatnet - Lett sti
rundt vatnet. Løypa går forbi gravhaug på
Istertveit. Halve turen går på gang/sykkelsti.
Gullstien
- Sti i lett terreng frå Buavåg til
Hovda. Følger gamle stiar mellom gruvene og
utvinningsplassen. Rundturen er ein del av Nordsjøløypa.
Området rundt
golfbanen - Her fins
mange fine turvegar som er opne for almenn ferdsel.
Fin utsikt til store delar av Sveio og fjellheimen i
Sunnhordland.
Golf
Haugaland
Golfbane i Sveio er landets einaste kommunalt eigde
golfbane. Her finn du ein av dei beste golfbanane i
landet. Banen er lagt til eit vakkert utemarksterrent
utan å bruka dyrka mark. 2.400 mål er avsett til det
som teiknar til å bli ein av dei finaste golfbanar på våre
kantar. Klubbhus med kafé er under bygging.
Banen vil bli utvida til 18 hol innan kort tid.
Fiske
Ferskvatn - I
Sveio er det totalt 282 vatn å velga mellom, og dei fleste
er rike på fisk. Vanlegast er aure, røyr og ål, men du
kan óg få laks og sjøaure i nokre vatn og elvar.
Fiskekort, sjå Servicetilbod. I Vigdarvatnet blei det
nyleg fiska aure på nesten 8 kg. I Fjonelva er det
tatt laks på over 20 kg. Det blir kvart år fiska opp
fleire tonn røyr for å halda bestanden nede. Dermed blir
det mulig å behalda større fisk.
Sjø - Med våre
300 km lange kystlinje er mogelegheitene for havfiske dei
aller beste både frå land og båt. To fiskerike
fjordar -Bømlafjorden og Ålfjorden - grensar til
kommunen. Mangfaldet er stort. Du kan få opptil
20 forskjellige fiskeslag i løpet av ein ferie. Det
fins mengder av laks i fjordane, og utfordringa er å få
dei til å bita på kroken. Fiske i sjø er gratis.
Isfiske
- Ein populær aktivitet
vinterstid er isfiske på Vigdarvatnet eller Ålfjorden.
På etterjulsvinteren plar store mengder torsk samla seg i
botnen på fjorden.
Handikapfiske - Vi kan
tilby rullestolbrukarar adkomst til sjø i Mølstrevåg,
Tjernagel, Auklandshamn, Førde og Tittelsnes.
Havfisketur - Reidar
Lie, Lindåshamn tek med seg fiskegrupper i sin fiskebåt
for kortare eller lengre turar. Ring 53742110 for nærare
avtale.
Dykking - Sjøen
er klar og eignar seg godt for dykking. Her kan du
utforska vegetasjonen under vatn, og finna skjel og skalldyr
for ein betre middag. Du kan også fanga steinbit,
breiflabb og flyndre - som ligg i ro på botn klar
til henting.
Jakt
Vi kan tilby område
for jakt på hjort, rådyr og anna vilt. Ta kontakt
med Haugesund Jeger og Fiskeforening.
Attraksjonar
/ verd å sjå
I Sveio finn
du kjende stader som kan vere verd eit besøk:
Ryvarden
Kulturfyr - Fyret
på Ryvardsneset er eit kjent landemerke på kysten. På
Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kunstetelier, Flókemuseum
og ein representasjonsbustad kor du kan overnatte. Her
er det kafé på utstillingsdagane og selskapslokaler til
leige. Galleri og kafé er open frå 6. april til 31.
desember på sundagar og helligdagar. Frå 6. juli til
10. august: også open tysdag til laurdag 12.00 til 16.00.
Frå Mølstrevåg er det 2 km å gå på god grusveg.
Vidt utsyn over Nordsjøen, Sletta, Bømlafjorden og til øyane
vest i havet. Til minne om dei 16 omkomne etter
Sleipnerforliset, som skjedde like i nærleiken, er det
reist eit minnesmerke.
Fartein
Valenheimen
- Heimen til
komponisten Fartein Valen (1887-1952) ligg
i Valevåg. Her budde den kjente komponisten store
delar av sitt liv. Heimen hans er bevart som eit
museum, og huset er rikt på gjenstander som fortel noko om
Valen sitt liv, hans musikk, interesser og personlegheit.
Her er det omvisning om sommaren, og konsertar og foredrag,
som har som mål å gi eit innblikk i komponisten si verd.
Eige program m.a. under Fartein Valen-dagane.
Valen kapell - Kapellet ligg
i Valevåg, og blei opphaveleg bygd som kyrkje i 1707.
Etter flytting blei den gjenreist på same staden i 1949.
Komponisten Fartein Valen ligg gravlagd her. På grava
er det reist ei vakker minnestøtte, gitt av Den Norske
Komponistforening.
"Kyrkjegarden
ved havet" - Kolerakyrkjegarden
ved Leirvågen i Valevåg er best kjent som "kyrkjegarden
ved havet" etter ein komposisjon av Fartein Valen. Her
blei han inspirert til å skriva dette store verket.
Det tek ca 20 min. å gå på merka sti frå Nappebrua.
Like ved er det også badeplass.
Hopsfjellet
naturreservat - I
1992 blei over 3000 dekar natur ved og på Hopsfjellet råka
av brann. Mest heile området er no verna som
naturreservat. Her kan ein studera korleis naturen byggjer
seg opp att etter ein brann. Turløype til Hopsfjellet.
Einstapevoll
Gard - Gamalt
tun med 17 hus som alle har helletak. Freda i 1923.
Privat eige, omvisning etter avtale, telefon 53742234.
Gravrøysane på Lyngholm - Tre
gravrøysar frå Bronsealderen. Varda løyper som tar
av frå Nordsjøløypa. Minnesmerke over skipsforlis i
nærleiken.
Hestar
Tjernagel Leir og Fritidssenter. Riding kvar
sundag 14.00 til 16.00. Telefon 90 99 91 56.
E-post: tjernagel@c2i.net.
Badeplassar
Slettene
ligg ved Storavatnet i Auklandshamn. Parkering og merka
sti frå friluftsområdet på Mjånes.
Holsvika ligg aust for Tittelsnes.
Parkering ved vegen til Bjørgjo.
Selsåsvika ligg like sør for Røykenes ved
Ålfjorden.
Leirvågen ligg vest for Valevåg. Kjør
vegen til Vassli/Nappen. Følg merka sti frå
Nappebrua.
Besøk på bondegard
Straumøy Gard driv økologisk matproduksjon på
Straumøy ytterst i Førdespollen. Her kan du sjå
mange forskjellige husdyr i sitt rette element.
Gardsbesøk etter nærare avtale på telefon 53742281 eller
934 55 062. Garden har
også tilbod til skular når det gjeld elevar som treng
alternativ undervisning.
Sykkelturar
I kommunen fins det
vegar på kryss og tvers, som har liten trafikk, og egnar
seg derfor godt til sykkelturar. Langs E39 er det
sykkelsti. Nordsjøruta går gjennom Sveio langs
riksveg 47 og 541.
Kanoturar
Naturforholda i Sveio
ligg godt tilrette for kanoturar. Vigdarvatnet har
mange fine vikar og holmar. Med start i Førde kan du
via Rødspollen, Haukåsvatnet, og Liervatnet koma til
Vigdarvatnet. Turen er på 14 km, og har fire korte
turar over land på tilsaman 1200 m der du må bæra kanoen.
Trening / rekreasjon
Sveio Fysikalske Institutt i Førde tilbyr trening, spinning
og badstue m.m. Helsevekst
AS i Førde tilbyr program mot utbrentheit.
Kystkultur
Sveio Kystlag driv
eit aktivt og interessant arbeid for
kystkulturen vår. Laget har klubbhus,
forsamlingslokale og museum på Eikeland (Auklandshamn).
Fotogalleri
Galleri Tveit (Torleiv
Tveit EFIAP) viser naturfotografi i eige galleri på Tveit.
Dei har ope når dei er heime. Ring gjerne 53740393 før
de kjem.
|